Lagar bilde av grafikkfeltet

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Du kan lagre eit bilde av grafikkfeltet anten som ei fil eller ved å kopiere det til utklippstavla.

Lagre som ei fil

Merk: Heile grafikkfeltet vil verte lagra som eit bilde med mindre du definerer punkta Export_1 og Export_2 (sjå lenger ned).

Dersom konstruksjonen din ikkje fyller all den tilgjengelege plassen i grafikkfeltet kan det hende at du vil:

  • …bruke verktøya Tool Move Graphics View.gif Flytt grafikkfeltet, Tool Zoom In.gif Forstørr og/eller Tool Zoom Out.gif Forminsk for å plassere konstruksjonen din i øvre venstre hjørne av grafikkfeltet. Etterpå kan du redusere storleiken på GeoGebra-vindauget ved å dra i eit av hjørna med musa.
  • …bruke markeringsrektangelet for å spesifisere den delen av grafikkfeltet som du vil eksportere og lagre som eit bilde.

Du lagar punkt kalla Export_1 og Export_2 som definerer diagonalt motsatte hjørner av det rektangelet du vil eksportere. Desse punkta må vere i den synlege delen av grafikkfeltet.

Merk: Merk at du må bruke det engelske ordet Export i namnet på punkta.

I Fil-menyen vel du Eksporter og trykkjer på Image-x-generic.png Grafikkfelt som bilde (png, eps).... I dialogboksen som vert opna kan du velje Format, Skala (i cm), og Oppløysing (i dpi) for bildefila.

Merk: Storleiken på det eksporterte bilde vert vist nederst i eksportvindauget i centimeter og pikslar.

For meir informasjon om dei ulike filformata sjå Eksporter dialogboks for grafikkfeltet.

Kopiere grafikkfeltet til utklippstavla

Du kan kopiere grafikkfeltet til utklippstavla på datamaskina di på to måtar:

  • I Fil-menyen vel Eksporter og trykk på Menu Copy.png Kopier grafikkfeltet til utklippstavla (tastatursnarveg: Ctrl + Shift + c.
  • I dialogboksen for eksport av bilder (Fil –> Eksporter –> Image-x-generic.png Grafikkfelt som bilde (png, eps)…) trykkjer du på knappen Utklippstavle. Du må bruke dette alternativet dersom du vil eksportere konstruksjonen i ein bestemt skala (i cm).

Grafikkfeltet vert då kopiert til utklippstavla som ei PNG-fil. Dette bilde kan du då lime inn i andre dokument (t.d. tekstdokument).

© 2021 International GeoGebra Institute