Kontingenstabell Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Kontingenstabell[ <Tekstliste>, <Tekstliste> ]
Teiknar ein kontingenstabell som vert laga frå dei to listene. Unike verdiar frå første liste vert bruk som radar i tabellen, medan unike verdiar frå den andre lista vert brukt som kolonner i tabellen.
Kontingenstabell[ <Tekstliste>, <Tekstliste>, <Alternativ for ut-data> ]
Teiknar ein kontingenstabell som vert laga frå dei to listene på same måte som over. Teksten Alternativ for ut-data kontrollerar visninga av valfrie berekningar i tabellen.
Merk: Moglege verdiar for Alternativ for ut-data er "|", "_", "+", "e", "k", "=".
  • "|" = vis kolonneprosentar
  • "_" = vis radprosentar
  • "+" = vis totale prosentar
  • "e" = vis forventa tal
  • "k" = vis kjikvadrat bidrag
  • "=" = vis resultat av kjikvadrat test
Kontingenstabell[ <Liste med radverdiar>, <Liste med kolonneverdiar>, <Frekvenstabell> ]
Teiknar ein kontingenstabell som vert laga frå listene med radverdiar, kolonneverdiar og samsvarande frekvenstabell.
Kontingenstabell[ <Liste med radverdiar>, <Liste med kolonneverdiar>, <Frekvenstabell>, <Alternativ for ut-data> ]
Teiknar ein kontingenstabell som vert laga frå listene med radverdiar, kolonneverdiar og samsvarande frekvenstabell. Teksten Alternativ for ut-data kontrollerar visninga av valfrie berekningar i tabellen på same måte som over.
© 2020 International GeoGebra Institute