Installasjonsguide

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk

Installasjon av Geogebra

Geogebra fungerer på mange forskjellige system:

Offline installasjon

Online installasjon

Det anbefalast å installere ein offline installasjon av Geogebra, då du ikkje er avhengig av internett for å arbeide med Geogebra. Under kan du lese meir om installasjonen for dei ulike systema.

Merk: Alle utgåvene av Geogebra, utanom HTML5-utgåva(nettbrett/Chrome), krev Java. Du kan installere Java frå denne heimesidå. For å sjekke om du allereie har installert Java, kan du sjekke her.

GNU/Linux

Denne seksjonen forklarar korleis du installerer Geogebra lokalt. Om du ynskjer kan du og bruke Java Webstart, som er forklart her.

GNU/Linux kjem i mange variantar. Dei fleste linux distribusjonar er utgåver av anten Ubuntu eller Fedora(ein gratis variant av Red Hat). Ubuntu brukar pakkesystemet deb, medan Fedora brukar pakkesystemet rpm. Desse deb- eller rpm-filene kan lastas ned og installerast med pakkebehandlaren til distribusjonen. Installasjonen går difor som følgjer:

  • Last ned deb- eller rpm-fil
  • Opne fila i pakkebehandlaren ved å dobbeltklikke på ho
  • Vel å installere programmet

Detaljert framgangsmetode

Her visast detaljert framgangsmetode for Ubuntu, men andre distribusjonar har tilsvarande framgangsmetode.

Gå til nedlastingssida og last ned deb-fila.

Download linux.png

Vel å lagre fila.

Save deb no.png

Opne deb-fila ved å dobbeltklikke på ho i filbehandlaren eller opne direkte frå nedlastinga i nettlesaren.

Downloaded deb no.png

Ubuntu programvaresenter opnast. Trykk på Geogebra og vel Installer.

Programvaresenter ubuntu.png

Medan installasjonen held på visast Framgang i toppen av vindauget.

Ubuntu installing no.png

Når Geogebra er installert finn du det på menyen. Du kan og søkje etter det frå Unity-menyen.

Ubuntu installed.png

Installasjon utan manuell nedlasting

Geogebra kan og installerast på dei fleste distribusjonar av GNU/Linux utan nedlasting. Opne berre pakkebehandlaren og søk etter Geogebra.

Merk: I siste langtidsstøtta versjon av Ubuntu (12.04 Precise Pangolin) finns kun versjon 4.0 av Geogebra i Ubuntu programvaresenter. Denne versjonen manglar CAS-delen. Om siste versjon ynskjas, kan den lastast ned frå heimesida. Framgangsmetoden for dette er vist under Detaljert framgangsmetode.

Installasjon på Unix-system som ikkje har pakkebehandlar

Du kan og installere Geogebra på andre Unix-system.

Opne ein terminal. Last ned tar.gz-fila:

wget http://www.geogebra.org/download/?os=unix -O GeoGebra-Unixlike-Installer.tar.gz

Pakk ut fila:

tar zxvf GeoGebra-Unixlike-Installer.tar.gz

Gå til utpakka katalog:

cd geogebra-4.2.51.0

Lag /usr/share/geogebra(dette er ein bug i 4.2.51):

sudo mkdir /usr/share/geogebra

Installer:

sudo ./install.sh

Køyr:

geogebra

Om du ynskjer ein snarveg på skrivebordet, kan du peike til /usr/bin/geogebra. Avinstallasjon gjerast ved:

sudo ./uninstall.sh

For fleire detaljar, les fila README som følgjer med.

Mac OS X

For Mac OS X kan du velgje mellom å installere Geogebra lokalt på maskina eller starte Geogebra frå Java Webstart. I dette avsnittet er lokal/offline installasjon forklart.

Installasjonen på Mac OS X gjerast i følgjande steg:

  • Last ned geogebra
  • Pakk fila ut
  • Dra Geogebra over til Programmer
  • Høgreklikk på Geogebra og vel Åpne
  • Trykk på Åpne i dialogvindauget som kjem opp
  • Geogebra er no installert og kan opnast på vanleg måte heretter

Detaljert framgangsmetode

Gå til nedlastingssida og vel Mac OS X.

Install mac os x.png

Siste versjon av Geogebra blir lasta ned til di maskin i ei zip-fil.

Download mac os x.png

Om du brukar Safari, vil zip-fila verte automatisk pakka ut. Om du brukar Chrome eller andre nettlesarar, må du sjølv pakke ut zip-fila ved å dobbeltklikke på ho i Finder.

Downloaded zip file mac.png

Når fila er pakka ut vil ho få ikon likt Geogebra sin logo. For å installere legg fila i mappen Programmer. Gjer dette ved å dra fila i Finder.

Downloaded mac os x.png

Fyrste gong Geogebra skal opnast, vil du få eit sikkerheitsvarsel: Kan ikke åpne «GeoGebra» fordi den kommer fra en ukjent utvikler. For å kome forbi denne varslinga må ein:

  • Ctrl-klikke på GeoGebra
  • Vel Åpne heilt øverst på menyen
  • Vel knappen Åpne i dialogvindauget
Sikkerhetsvarsel mac os x.png

Geogebra er no installert, og du kan heretter opne Geogebra på vanleg måte frå Finder eller Spotlight.

Windows

Denne seksjonen forklarar korlei du installerar Geogebra lokalt. Om du heller ynskjer å bruke Java Webstart, kan du lese om det her.

For Windows installerast Geogebra på følgjande måte:

  • Last ned siste versjon
  • Køyr fila
  • Bekreft sikkerheitsvarselet
  • Følg instruksane til installasjonsprogrammet

Detaljert framgangsmetode

Bilda her er frå Internet Explorer, men framgangsmetoden er den same for andre nettlesarar.

Gå til nedlastingssida og vel Windows.

Download windows.png

Vel Køyr i dialogen som visast nedst i vindauget.

Download windows confirm no.png

Vent medan fila lastast ned.

Downloading windows no.png

Når fila er lasta ned køyres installasjonsfila, og du må klikke Ja i sikkerheitsvarselet som kjem.

Windows brukerkontroll.png

Installasjonsprogrammet opnast. Vel språk og trykk på Next.

Choose language no.png

Les brukarvilkåra og godta ved å trykke på Godta.

Accept no.png

Vel Standard som installasjonstype og klikk på Neste. Om du sjølv ynskjar å avgjere kvafor mappe Geogebra skal installerast til, kan du velgje Custom.

Installation type windows no.png

Geogebra installerast. Når installasjonen er ferdig kan du velgje om du ynskjer å opne Geogebra med ein gong.

Installation windows done no.png

Du finn no Geogebra på startmenyen.

Windows start menu no.png

Chrome applikasjon

Merk: Geogebra som applikasjon i Chrome er ein lett-versjon av Geogebra. Dette tyder at han er ufullkomen i forhold til fullversjonen, til dømes manglar CAS. Applikasjonen er god nok for enkle konstruksjonar, men for meir avansert bruk anbefalast det å installere Geogebra lokalt på datamaskina. Applikasjonen krev og nettilgang for å brukast.

Installasjon

Opne Chrome og gå til nedlastingssida. Vel GeoGebra Chrome App.

Install chrome app.png

Klikk på Legg til i dialogvindauget som dukkar opp.

Install chrome app confirm no.png

Godta tilgangane Geogebra krev med knappen Godta.

Chrome permissions no.png

Geogebra lastast no inn i fana. For å seinare opne Geogebra, opne ei ny tom fane. Om det ikkje allereie er valt, vel Programmer i botnen av fana.

Chrome choose program no.png

Vel Geogebra i lista av tilgjengelege applikasjonar.

Chrome app.png

Geogebra opnast no i fana.

Java Webstart

Java Webstart er ein snarveg som lagrast på di datamaskin. Snarvegen peikar til siste versjon av Geogebra på nett. Når Geogebra startast frå snarvegen vil Geogebra lastast ned til di datamaskin og lagrast. Kvar gong Geogebra opnast, vil Java Webstart sjekke om det finns ein nyare versjon tilgjengeleg på Geogebras webtenarar. Difor er Java Webstart kjekt når ein ynskjer å bruke siste versjon av Geogebra.

Merk: Java Webstart fungerer kun når internett er tilgjengeleg, sjølv om siste versjon er lasta ned til di datamaskin.

Installasjon

Gå til nedlastingssida og vel Java Webstart.

Download webstart.png

Ei fil kalla geogebra.jnlp lastast ned til di datamaskin. Flytt fila til ein plass du finn ho, til dømes Programmer på Mac, Skrivebord eller Dokumenter på Linux/Mac/Windows. Du kan no starte Geogebra ved å dobbeltklikke på fila.

Ved fyrste oppstart, eller når ein ny versjon er tilgjengeleg vil Geogebra lastast ned. Då visast følgjande dialog:

Webstart downloading latest.png
Merk: Grunna naturen til Java Webstart, passar webstart dårlig i eit klasserom med mange datamaskiner. Til dømes vil ein klasse på 30 elevar, alle med Geogebra Webstart trengje minimum 4 minutt for nedlasting av siste versjon når dei har 10Mbit på deling.

Installasjonen er ≈10MByte:

\frac{10 \textrm{MB} \cdot 30 \textrm{elever} \cdot 8 \textrm{bit} }{10 \textrm{Mbit/sekund} \cdot 60 \textrm{sekund} } = 4 \textrm{minutt}

Nettbrett

Det er mogleg å bruke ein avgrensa web-utgåve av Geogebra på nettbrett som Android, Ipad og Windows RT. Webapplikasjonen krev ingen installasjon og er tilgjengeleg på geogebraweb.appspot.com/app.html. Dette er same utgåve som Chrome applikasjonen og HTML5-utgåven på Geogebra Tube. Du kan og opne utgåva for nettbrett ved å surfe på nettbrettet til Geogebras nettside og klikke på Last ned.

Merk: HTML5-applikasjonen fungerer best med ein oppdatert nettleser, som til dømes Google Chrome.
Merk: Gjennom sommaren 2013 jobbar Geogebra med ei utvida nettbrettutgåve. Denne utgåva vil verte tilgjengeleg i App Store, Google Play og Windows Store.

Problem

Om du skulle få problem med installasjonen, kan du sjå på denne sida for løysningar.

© 2024 International GeoGebra Institute