Innstillingar for grafikkfeltet

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


For å justere den synlege delen av grafikkfeltet, kan du dra i det med verktøyet Tool Move Graphics View.gif Flytt grafikkfeltet eller ved å zoome på ein av følgjande måtar:

  • Du kan bruke Tool Zoom In.gif Forstørr og Tool Zoom Out.gif Forminsk Verktøy for å zoome grafikkfeltet inn og ut.
    Merk: Posisjonen du trykkjer på vert sentrum for zoominga.
  • Du kan bruke rullehjulet på musa for å zoome.
  • Du kan bruke hurtigtastane Ctrl + + for å zoome inn og Ctrl + - for å zoome ut.
  • Du kan bruke kontekstmenyen som du opnar ved å høgreklikke (Mac OS: Ctrl-klikk) ein tom stad i grafikkfeltet.
  • Du kan angje eit zoom-rektangel ved å høgreklikke (Mac OS: Cmd-klikk) på ein tom stad i grafikkfeltet og dra musa til du har det ønska zoom-rektangelet. Slipp museknappen for å fullføre. Den synlege delen av grafikkfeltet vil då vere det området som var innanfor zoom-rektangelet.
  • Du kan også angje eit område for x- og y-aksen i dialogboksen for eigenskapar for grafikkfeltet (sjå under).

Vise og skjule objekt

I algebrafeltet viser ikonet til venstre for kvart objekt om det er synleg eller ikkje. Ved å trykkje på dette ikonet kan du skjule/vise objektet. For meir informasjon sjå sida om synlegheit.

Eigenskapar for grafikkfeltet

Koordinataksane, rutenettet og nokre andre eigenskapar kan verte tilpassa ved hjelp av Eigenskapar for grafikkfeltet. Høgreklikk i grafikkfeltet og vel Grafikkfelt 1/2... som vert vist i kontekstmenyen.

Tilpassing av koordinataksar og rutenett

For å vise eller skjule aksane og rutenettet, høgreklikk (Mac OS: Ctrl-klikk) i grafikkfeltet og vel Menu Axes.gif Aksar eller Grid.gif Rutenett frå kontekstmenyen. For fleire innstillingar må du opne dialogboksen for eigenskapar. Der finn du:

  • Under fana Basis, kan du til dømes endre linjestil og farge for koordinataksane, samt angje forholdet mellom aksane. For å sikre at forholdet mellom aksane ikkje kan verte endra av ein kommando eller handling frå brukaren kan du låse det med låseikonet.
  • Ved å klikke på fanene xAkse og yAkse kan du tilpasse aksane individuelt, setje avstanden til aksemerka, namn på aksen, synlegheit, setje eining med meir. Dersom du ønskjer at aksane skal krysse i eit punkt (a, b), kan du sette Kryss ved parameter for xAkse til b og yAkse til a. Alternativt Fest til kanten som betyr at linja forblir nær botn eller venstre kant av skjermen. For å teikne berre den delen av koordinatsystemet som er til høgre eller over skjeringa mellom aksane kan du velje Berre i positiv retning.
  • Under fana Rutenett, kan du endre farge og linjestil for rutenettet, setje avstand mellom strekane, og velje om det skal vere synleg eller ikkje. Tre typar rutenett er tilgjengelege: Kartesisk, Polar og Isometrisk.
Merk:
  • Akseskalering er mogleg i kvar modus ved å trykkje og halde inne Skift-tasten (PC: også Ctrl-tasten) medan du drar aksen med musa.
  • Området for aksane kan vere dynamisk, til dømes under Basis fana kan du setje x-min til x(A) og y-min til y(A) for å sikre nedre venstre hjørne av visninga er i punkt A. Du kan då ikkje zoome i visninga.

Vis navigasjonslinje

Du kan leggje navigasjonslinja for konstruksjonsforklaringa til grafikkfeltet ved å aktivere den under fana Basis i eigenskapar for grafikkfeltet. Du kan også leggje på avspillingsknappen for å tillate animerte konstruksjonstrinn og ein knapp for å vise konstruksjonsforklaringa.

Diverse innstillingar

Dese innstillingane er plassert i siste del av Basis fana.

Bakgrunnsfarge

Let deg endre bakgrunnsfarga til grafikkfeltet.

Verktøytips

Let deg setje oppførselen til verktøytips i grafikkfeltet. Sjå eigen artikkel om verktøytips for detaljar.

Vis mus-koordinatar

Aktiverer visning av mus-koordinatar ved sida av musepekaren.

© 2020 International GeoGebra Institute