HentTid Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


HentTid[ ]
Gjev ei liste med det noverande tidspunktet og den noverande datoen i følgjande rekkefølgje
  • millisekund (0-999)
  • sekund (0-59)
  • minutt (0-59)
  • timer (0-23)
  • dato (1-31)
  • måned (1-12)
  • år (som tal)
  • måned (som tekst)
  • dag (som tekst)
  • dag (som tal, der 1 = Søndag, 2 = Mandag...)
Døme: HentTid[] gjev ei liste som {673, 3, 38, 14, 23, 10, 2012, "Oktober", "Tysdag", 3}
HentTid[ <Format> ]
Kommandoen erstatter kvar av dei følgjande bokstavane når dei har ein backslash (\) før seg:
d, D, j, l, N, S, w, z, W, F, m, M, n, t, L, Y, y, a, A, g, G, h, H, i, s, U - forklaringa på kva bokstavane står for finn du her http://php.net/manual/en/function.date.php (engelsk lenke).
Merk: Format er en tekst og må difor stå i hermeteikn " ".
Døme: HentTid["Datoen i dag er \l \j\S \F \Y"] vil gje teksten Datoen i dag er Tysdag 23. Oktober 2012
© 2024 International GeoGebra Institute