GeometriskStad Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeometriskStad[ <Punkt på geometrisk stad Q>, <Punkt P> ]
Gjev kurva for den geometriske staden til punktet Q som er avhengig av punkt P. Det vil seie kurva Q sveiper over når P sveiper over dei moglege verdiane punktet kan ha.
Merk: Punktet P må vere eit punkt på eit objekt; til dømes ei linje eit linjestykke, ein sirkel eller ein funksjonsgraf.
Døme:
  • Skriv inn funksjonen f(x)=x^2 i inntastingsfeltet.
  • Opprett eit punkt P på funksjonsgrafen ved bruk av eit av verktøya Tool New Point.gif Nytt punkt eller Tool Point in Region.gif Punkt på objekt.
  • Skriv inn punktet Q=(2x(P), y(P))
  • GeometriskStad[Q, P] gjev då kurva som Q sveiper over når P sveiper over sine moglege verdiar.
Merk: x(P) gjev x-koordinaten til P, medan y(P) gjev y-koordinaten til P.
GeometriskStad[ <Punkt på geometrisk stad Q>, <Glidar a> ]
Gjev kurva for den geometriske staden til punktet Q som er avhengig av glidaren a. Det vil seie kurva Q sveiper over når a sveiper over verdimengda si.
Døme:
  • Opprett ein glidar a ved hjelp av kommandoen Glidar eller verktøyet Tool Slider.gif Glidar.
  • Skriv inn punktet Q=(a, 2a)
  • GeometriskStad[Q, a] gjev då linja som Q sveiper over når a sveiper over verdimengda si.
Merk: Geometriske stader er spesifikke objekttypar og opptrer som hjelpeobjekt. Dei kan også verte laga av nokre Diskret matematikk kommandoar og kommandoen LøysODE. Geometriske stader er stiar og kan verte brukt i sti-relaterte kommandoar som Punkt. Eigenskapane deira avheng av korleis dei vart laga, sjå tildømes kommandoane Omkrins og Første. Eit anna namn for geometrisk stad er lokus.
Merk: Sjå også verktøyet Tool Locus.gif Geometrisk stad.
Varsel Varsel: Ein geometrisk stad er udefinert når det avhengige punktet er eit resultat av kommandoen Punkt med to parametrar, eller kommandoen StiParameter.


© 2024 International GeoGebra Institute