Følgje Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Følgje[ <Sluttverdi b> ]
Lagar ei liste av tal frå 1 til b.
Døme:
  • Følgje[8] lagar lista {1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8}.
  • 2^Følgje[4] lagar lista {2, 4, 8, 16}.
Følgje[ <Uttrykk>, <Variabel i>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev ei liste med objekt som vert laga når variabelen i går over tala frå a til b i det gjevne uttrykket.
Døme:
Følgje[(2, i), i, 1, 5] lagar ei liste med punkt som har x-koordinat lik 2 og y-koordinat som går frå 1 til 5: {(2, 1), (2, 2), (2, 3), (2, 4), (2, 5)}.
Følgje[ <Uttrykk>, <Variabel i>, <Tal a>, <Tal b>, <Steglengde s> ]
Gjev ei liste med objekt som vert laga når variabelen i går over tala frå a til b med steglengde s i det gjevne uttrykket.
Døme:
Følgje[(2, i), i, 1, 3, 0.5] lagar ei liste med punkt som har x-koordinat lik 2 og y-koordinat som går frå 1 til 3 med steglengde 0.5: {(2, 1), (2, 1.5), (2, 2), (2, 2.5), (2, 3)}.
Merk: Sidan parametrane a og b er dynamiske kan glidare verte brukt i dei to siste tilfella ovanfor.
Merk: Sjå lister for meir informasjon om listeoperasjonar.

CAS-delen

Følgje[ <Sluttverdi b> ]
Lagar ei liste av tal frå 1 til b.
Døme:
  • Følgje[8] lagar lista {1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8}.
  • 2^Følgje[4] lagar lista {2, 4, 8, 16}.
Følgje[ <Uttrykk>, <Variabel i>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev ei liste med objekt som vert laga når variabelen i går over tala frå a til b i det gjevne uttrykket.
Døme:
Følgje[x^i, i, 1, 10] lagar lista {x, x², x³, x⁴, x⁵, x⁶, x⁷, x⁸, x⁹, x¹⁰}.
Følgje[ <Uttrykk>, <Variabel i>, <Tal a>, <Tal b>, <Steglengde s> ]
Gjev ei liste med objekt som vert laga når variabelen i går over tala frå a til b med steglengde s i det gjevne uttrykket.
Døme:
Følgje[x^i, i, 1, 10, 2] lagar lista {x, x³, x⁵, x⁷, x⁹}.
© 2020 International GeoGebra Institute