Eksporter som webside

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


For å lage ei html-fil på datamaskina di må du gå til Fil-menyen, Eksporter, Export-html.png Dynamisk ark som webside (html)... og så velje fana Eksporter som webside i dialogboksen som vert opna.

  • Øvst i eksporteringsvindauge kan du skrive inn tittel, forfattar og dato for det dynamiske arbeidsarket ditt.
  • Under fana Generelt kan du leggje til tekst over og under konstruksjonen (t.d. ei forklaring av konstruksjonen og nokre oppgåver).
  • Under fana Avansert kan du endre funksjonaliteten til den dynamiske konstruksjonen (t.d. kan du leggje til eit gjennopprettingsikon og nettlesarfunksjonalitet) i tillegg til å modifisere brukergrensesnittet i den interaktive appleten (t.d. vise verktøylinja), modifisere høgde og breidde, aktivere lagring, utskrift med meir).
Merk: Dersom storleiken til appleten vert for stor til å passe på ein dataskjerm med standard oppløysing (1024 x 768) kan det vere lurt å endre storleiken før du eksporterer det som eit dynamisk arbeidsark.

Den eksporterte HTML-fila (t.d. sirkel.html) kan verte vist med alle internettlesarar. For at den dynamiske konstruksjonen skal fungere må Java vere installert på maskina eller Eksporter berre til HTML 5. Dersom du vil bruke det dynamiske arbeidsarket på nettverket på skulen må du spørre den lokale nettverksadministratoren om Java er installert eller om nettlesarane er oppdatert(nødvendig for HTML5-støtte).

Merk: HTML5-støtten er enda ny, og man kan forvente bedre resultat med Java. Derimot er Java sjeldent tilgjengeleg på einingar som nettbrett og mobiltelefonar.


Merk:
  • Du kan redigere teksen i det dynamiske arbeidsarket med mange tekstbehandlingsprogram ved å opne den eksporterte HTML-fila. Du kan også redigere appleten ved å opne GGB-fila i GeoGebra og lagre den med same namnet.
  • Sjå sida Legg inn i CMS, VLE (Moodle) og Wiki for detaljar om korleis du kan eksportere GeoGebra appletar til desse systema.


Avanserte innstillingar

Funksjonalitet:

  • Tillat høgreklikk, zooming og tastaturredigering: Ved å velje dette kan du høgreklikke på objekt eller i grafikkfeltet for å opne kontekstmenyen (t.d. vis eller skjul objekt, sporing av / på, dialogboks for eigenskapar). Det er også mogleg å bruke vanlege tastatursnarvegar.
  • Tillat flytting av namn: Ved å velje dette vert det mogleg å flytte namnet til punkt og andre objekt.
  • Vis knapp for å starte konstruksjonen på nytt: Ein gjennopprettingsknapp vert vist i øvre høgre hjørnet av den interaktive appleten slik at ein kan starte på nytt og gjenopprette heile konstruksjonen.
  • Bruk nettlesar for Javaskript: Javaskript vert aktivert. Dette let nettlesaren din vise konstruksjonen skikkeleg.

Brukargrensesnitt:

  • Vis menylinje: Menylinja vert vist i den interaktive appleten.
  • Tillat lagring og utskrift: Gjer det mogleg å lagre, skrive ut og angre konstruksjonen. Sidan dette let appleten få tilgang til harddisken og skrivaren, vert ein signert applet brukt og alle brukarar av appleten vert spurt om han stolar på den.
  • Vis verktøylinje: Verktøylinja vert vist i den interaktive appleten slik at ein kan bruke geometriske verktøy.
  • Vis hjelp for verktøylinja: I kombinasjon med verktøylinja kan du også vise hjelp for verktøylinja. Brukarar kan då sjekke korleis eit verktøy kan verte brukt.
  • Vis inntastingsfeltet: Inntastingsfeltet vert vist nederst i den interaktive appleten og let brukarane skrive inn algebraiske uttrykk og kommandoar.
  • Tillat omskalering: Når dette valet er huka av vil appleten prøve å omskalere konstruksjonen med omsyn til zoominga i nettlesaren. I tillegg vert storleiken på appleten endra. Dette valet vert ignorert dersom fleire oppsett er vist i appleten.
  • Breidde og høgde på den interaktive appleten: Du kan endre breidda og høgda på appleten.
Merk: Dersom du reduserer storleiken på appleten kan det hende at viktige delar av det dynamiske arbeidsarket ikkje vert synlege for brukarane.
Note Hint: Dersom du inkluderer menylinja, verktøylinja og inntastingsfeltet, kan det vere lurt å justere høgda på den interaktive appleten.


Filer:

  • Eksporter berre til HTML 5: Eksporter til HTML5 istadenfor Java. Denne funksjonen ble tilgjengeleg i versjon 4.2.
  • Fjern linjeskift: Fjernar linjeskift frå den resulterande koden. Dette er nødvendig til dømes når du inkluderer appleten i WordPress, men gjer koden meir rotate og vansklegare å redigere.
  • Fil-nedtrekksmenyen: Du kan velje om du vil lagre som ei HTML-fil eller om du vil eksportere til utklippstavla som HTML, MediaWiki, GoogleGadget eller Moodle. Sjå også sida Legg inn i CMS, VLE (Moodle) og Wiki
Note Hint: Mengda data som er nødvendig for appleten å laste ned vert betydeleg redusert (400kB istadenfor 1300kB) når følgjande vilkår er oppfylt:
  • berre eit grafikkfelt er i bruk (ikkje rekneark, algebrafelt eller liknande)
  • menylinja, inntastingsfeltet osv. er ikkje med
  • "Bruk nettlesar for Javaskript" er huka av
  • ingen CAS-kommadnoar vert kalla (t.d. f'(x), Integral, Tangent, ReknUt)
© 2021 International GeoGebra Institute