Dynamiske fargar
I GeoGebra kan du endre fargen på eit objekt under fana Farge i dialogboksen for eigenskapar. Du kan imidlertid også la fargen til eit objekt verte endra dynamisk. Det gjer du ved å gå til fana Avansert i eigenskapar der du finn seksjonen Dynamiske fargar. Den inneheld tekstboksar for fargekomponentane raud, grøn og blå.
- Merk: I kvar av desse tekstboksane kan du skrive inn ein funksjon med verdimengde [0, 1].
- Lag tre glidarar a, b og c med eit intervall frå 0 til 1.
- Lag ein mangekant der fargen skal avhenge av verdien til dei tre glidarane.
- Opne Eigenskapar for mangekanten og skriv inn namnet til dei tre glidarane i tekstboksane for kvar av fargekomponentane.
- Lukk Eigenskapar og endre verdien på glidarane for å sjå korleis dei påverker fargen til mangekanten.
Seksjonen for dynamiske fargar inneheld også ein tekstboks for fyllgrad. Der kan du også skrive inn ein funksjon (eller eit tal) med verdimengde [0,1] (der 0 er gjennomsiktig og 1 er 100% ugjennomsiktig). Tal utafor [0,1] vert ignorert.
RGB / HSV / HSL
For nokre dynamisk farge oppførslar kan det vere enklare med ein annan modell. Istadenfor å bruke standard RGB(rød, grøn, blå) kan du velje anten HSV eller HSL(engelsk wikipedia) frå nedtrekksmenyen.
x(A)
.