Brukarinnstillingar

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra let deg endre og lagre innstillingar gjennom menyen for innstillingar. Til dømes kan du endre eininga for vinklar frå gradar til radianar, du kan endre punktstil, storleik på avkryssingsboksar og stil for rette vinklar. I tillegg kan du endre korleis koordinatar vert vist på skjermen og korleis namn vert sett på objekt.

For meir informasjon sjå på sida for menyen for innstillingar.

Du kan lagre tilpassa innstillingar ved menypunktet Menu Save.png Lagre innstillingar i menyen. Etter at du gjer det vil GeoGebra huske dei tilpassingane du har gjort og bruke dei i kvar GeoGebra-fil du lager.

Merk:
  • Du kan gjenopprette standardinnstillingane ved å velje dette menypunktet i menyen
  • Dersom du bruker GeoGebra som eit presentasjonsverktøy kan du auke skriftstorleiken i menyen slik at det vert lettare å sjå tekstar og namn på objekt.
© 2021 International GeoGebra Institute