BevisDetaljar Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Varsel Varsel: Denne kommandoen er ikkje ferdig konstruert. Syntaksen og returnerte verdiar kan verte endra. Det kan oppstå problem ved bruk av kommandoen.


BevisDetaljar[ <Boolsk uttrykk> ]
Returnerer nokre detaljar om resultatet av det automatiske beviset.
Normalt vil GeoGebra avgjere om boolske uttrykk er sanne ved bruk av numeriske utrekningar. Denne kommandoen vil imidlertid ta i bruk symbolske metodar for å avgjere om uttrykket generelt er true eller false. Denne kommandoen fungerer på same måte som kommandoen Bevis, men gjev også nokre detaljar som ei liste.
  • Ei tom liste {} dersom GeoGebra ikkje kan avgjere svaret.
  • Ei liste med eit element: {false} dersom uttrykket ikkje er generelt sant.
  • Ei liste med eit element: {true} dersom uttrykket alltid er sant.
  • Ei liste med fleire element: inneheld den boolske verdien true og ei liste for dei såkalla ikkje-degenererte vilkåra dersom uttrykket er sant under nokre vilkår. Til dømes vil {true, {"DegenerertMangekant[A, B, C, D"}} vere sann dersom ingen av vilkåra er sanne.
Døme:
Definer ein trekant med hjørner A, B og C, og definer D = MidtPunkt[B, C], E = MidtPunkt[A, C], p=Linje[A, B] og q=Linje[D, E]. Då vil BevisDetaljar[p∥q] gi {true, {"ErLike[A, B]"}}, som vil seie at dersom punkta A og B er ulike så vil midtlinja DE til trekanten vere parallell til sida AB.
Det kan skje at lista med ikkje-degenererte vilkår ikkje er den enklaste moglege mengda.
Merk: Sjå også kommanden Bevis, sida om boolske verdiar og forklaringa på dei tekniske detaljane til algoritma (engelsk lenke).
© 2020 International GeoGebra Institute