Avkryssingsboks for å vise og skjule objekt Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Ved å trykkje i grafikkfeltet vert det laga ein avkryssingsboks som let deg vise eller skjule eit eller fleire objekt. Det vert opna ein dialogboks der du kan gje ein objekttekst til avkryssingsboksen og velje kva for objekt den skal verte brukt på. Objekta kan verte valt anten ved å trykkje på dei i grafikkfeltet eller frå nedtrekkslista.

Avkryssingsboksen er berre ein synleg representasjon av ein boolsk variabel og dialogboksen er berre ein enkel måte å leggje til mange objekt for ein å same avkryssingsboks. Du kunne også ha markert alle objekta og skrive inn lagt til den boolske verdien manuelt.

Merk: Sjå også kommandoen Avkryssingsboks.
© 2024 International GeoGebra Institute