Analyse av ein variabel Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Vel dei aktuelle cellene eller ei kolonne med data i reknearket og trykk på verktøyet Tool One Variable Analysis.gif. Det vert då opna ein dialogboks (Datakjelde) der du kan endre på data og velje kva data representerar. Trykk på Analyser for å opne ein ny dialogboks (Dataanalyse) som lagar grafar og finn ein-variabel statistiske verdiar frå dataverdiane. Dialogboksen har fire panel: eit statistikkpanel, eit datapanel og to grafpanel. Datapanelet og det andre grafpanelet er ikkje opne første gong dialogboksen vert opna. Dei kan verte opna frå stilmenyen under verktøymenyen.

Kva for grafar og statistiske verdiar som kan verte funne vil variere med dei dataverdiane du har brukt.

Når du held musepekaren mot toppen av eit av grafpanela vil den verte endra til ei hand. Du kan då trykkje ned og halde inne venstre musknapp og dra grafen over i grafikkfeltet.

Merk: Sjå også verktøyet Tool Multiple Varible Analysis.gif Analyse av fleire variablar.
© 2021 International GeoGebra Institute