Vis-meny
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Denne artikkelen handlar om ein del av brukargrensesnittet i GeoGebra.
Hovudkomponentar
Oppsett
Menyar
Dialogboksar
Algebrafelt
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + A (MacOS: Cmd + Shift + A)
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule algebrafeltet.
Rekneark
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + S (MacOS: Cmd + Shift + S)
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule reknearket.
CAS
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + D (MacOS: Cmd + Shift + D)
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule CAS-delen.
Grafikkfelt 1
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + 1 (MacOS: Cmd + Shift + 1)
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule det første grafikkfeltet.
Grafikkfelt 2
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + 2 (MacOS: Cmd + Shift + 2)
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule det andre grafikkfeltet.
Konstruksjonsforklaring
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + L (MacOS: Cmd + Shift + L)
- Dette menypunktet opnar konstruksjonsforklaringa.
Tastatur
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule det [Virtuelt tastatur|virtuelle tastaturet]] som du kan bruke med musa. Det inneheld det vanlege tastaturet samt dei mest brukte matematiske symbola og operatorane.
Inntastingsfelt
- Dette menypunktet let deg vise eller skjule inntastingsfeltet og kommandolista i botn av GeoGebra-vindauget.
Utforming...
- Dette menypunktet opnar ein dialogboks som let deg vise eller skjule inntastingsfeltet, verktøylinja, overskriftslinja, stilmenyen og sidemenyen samt velje plassering for inntastingsfelt, verktøylinje og sidemeny.
Forny og fjern ev. spor
- Tastatursnarvegar: Ctrl + F (MacOS: Cmd + F)
- Dette menypunktet teiknar opp igjen alle objekt og konstruksjonar og fjerner eventuelle spor.
Oppdater alt
- Tastatursnarvegar: F9
- Dette menypunktet oppdaterer alle objekt i GeoGebra-fila.
- Merk: Du kan bruke dette menypunktet til å generere nye tilfeldige tal dersom du har brukt det i fila di.