Tekst Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 26. desember 2012 kl. 13:25 av Wallerau (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Tekst[ <Objekt> ]
Gjev formelen for objektet som eit tekstobjekt.
Merk: Som standard vert verdiar sett inn for variablar.
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil Tekst[f] gje 2 x2 (som eit tekstobjekt).
Tekst[ <Objekt>, <Boolsk verdi for substitusjon av variablar> ]
Gjev formelen for objektet som eit tekstobjekt.
  • Dersom Boolsk verdi = true vert verdiar sett inn for variablar
  • Dersom Boolsk verdi = false vert variabelnamna ståande i teksten
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil
  • Tekst[f, true] gje 2 x2 (som eit tekstobjekt)
  • Tekst[f, false] gje a x2 (som eit tekstobjekt)
Tekst[ <Objekt>, <Punkt> ]
Gjev formelen for objektet som eit tekstobjekt med posisjon ved det gjevne punktet.
Døme: Tekst["hallo", (2, 3)] gjev teksten "hallo" ved punktet (2, 3).
Tekst[ <Objekt>, <Punkt>, <Boolsk verdi for substitusjon av variablar> ]
Gjev formelen for objektet som eit tekstobjekt med posisjon ved det gjevne punktet.
  • Dersom Boolsk verdi = true vert verdiar sett inn for variablar
  • Dersom Boolsk verdi = false vert variabelnamna ståande i teksten
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil
  • Tekst[f, (2, 3), true] gje 2 x2 (som eit tekstobjekt) ved punktet (2, 3)
  • Tekst[f, (2, 3), false] gje a x2 (som eit tekstobjekt) ved punktet (2, 3)
Tekst[ <Objekt>, <Punkt>, <Boolsk verdi for substitusjon av variablar>, <Boolsk for LaTeX-formel> ]
Gjev formelen for objektet som eit tekstobjekt med posisjon ved det gjevne punktet.
  • Dersom Boolsk verdi = true vert verdiar sett inn for variablar
  • Dersom Boolsk verdi = false vert variabelnamna ståande i teksten
  • Dersom Boolsk Latex = true vert objektet ein LaTeX tekst
  • Dersom Boolsk Latex = false vert objektet eit vanleg tekstobjekt
Merk: Sjå også kommandoen Formeltekst.
© 2024 International GeoGebra Institute