Skjering Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 10:02 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Skjering[ <Objekt>, <Objekt> ]
Finn skjeringspunkta mellom dei to objekta.
Merk: Objekta kan vere linjer, linjestykke, kjeglesnitt og polynom. Kommandoen kan også finne skjeringspunkta mellom ei linje/linjestykke og ein mangekant.
Skjering[ <Objekt>, <Objekt>, <Tal på skjeringspunkt n> ]
Finn det n-te skjeringspunktet mellom dei to objekta.
Merk: Objekta kan vere linjer, linjestykke, kjeglesnitt og polynom.
Skjering[ <Objekt>, <Objekt>, <Startpunkt> ]
Finn eit av skjeringspunkta mellom dei to objekta. Den numeriske algoritma (Newton sin metode) startar berekninga med det gjevne startpunktet.
Merk: Objekta kan vere linjer, linjestykke, kjeglesnitt, polynom og funksjonar.
Skjering[ <Funksjon>, <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b> ]
Finn alle skjeringspunkta mellom funksjonane på intervallet [a, b].
Merk: Sjå også verktøyet Tool Intersect Two Objects.gifSkjering mellom to objekt.

CAS-delen

Skjering[ <Funksjon>, <Funksjon> ]
Finn dei eksakte skjeringspunkta mellom dei to funksjonane.
Døme: Skjering[x^3,2x] gjev \{(\sqrt{2}, 2\sqrt{2}), (-\sqrt{2}, -2\sqrt{2}), (0, 0)\}.
Skjering[ <Linje>, <Parametrisk kurve>]
Finn skjeringspunkta mellom linja og ei parametrisk kurve.
Døme: Skjering[y=x+3, Kurve[t, 2t, t, 0, 10]] gjev A(3,6)
© 2024 International GeoGebra Institute