SetInn Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 09:59 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


SetInn[ <Liste L1>, <Liste L2>, <Posisjon> ]
Set inn alle element frå L1 inn i L2 på den gjevne posisjonen.
Døme: SetInn[{11, 12}, {1, 2, 3, 4, 5}, 3] plasserer elementa i L1 frå element tre (og følgjande) i L2 og gjev lista {1, 2, 11, 12, 3, 4, 5}.
Merk: Dersom posisjonen er eit negativt tal vert han rekna frå høgre.
Døme: SetInn[{11, 12}, {1, 2, 3, 4, 5}, -2] plasserer elementa i L1 frå nest siste element (og følgjande) i L2 og gjev lista {1, 2, 3, 4, 11, 12, 5}.
SetInn[ <Objekt>, <Liste>, <Posisjon> ]
Set objektet inn i lista på den gjevne posisjonen.
Døme: SetInn[x^2, {1, 2, 3, 4, 5}, 3] plasserer x2 som element nummer tre og gjev lista {1, 2, x2, 3, 4, 5}.
Merk: Dersom posisjonen er eit negativt tal vert han rekna frå høgre.
Døme: SetInn[x^2, {1, 2, 3, 4, 5}, -1] plasserer x2 som siste element og gjev lista {1, 2, 3, 4, 5, x2}.
Merk:
  • Elementa til objektet/lista som skal verte sett inn treng ikkje vere av same datatype som elementa i lista dei vert sett inn i.
  • Sjå også kommandoane LeggTil og SetSaman.
© 2024 International GeoGebra Institute