Objekteigenskapar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 18. mars 2013 kl. 15:28 av Arve (diskusjon | bidrag) (korrektur)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Dei følgjande innstillingane kan verte endra via dialogboksen for eigenskapar.

Synleg

Du kan vise eller skjule objekt i grafikkfeltet på fleire måtar:

Merk: For å gjere eit objekt usynleg i algebrafeltet må du gjere det til eit hjelpeobjekt.

Låste objekt

Du kan definere eit objekt til å vere låst i eigenskapar. Låste objekt (både frie og avhengige) kan ikkje verte flytta, omdefinert eller sletta.

Fyll

For lukka kurver og områder kan du spesifisere fyll under fana Stil i eigenskapar. Det er tre formar for fyll:

Standard
Fyller objektet med fargen spesifisert under fana Farge. Den same fargen vert brukt til å teikne omrisset til objektet. Under fana Farge kan du også endre fyllgraden (objekt med fyllgrad 0 er til dømes gjennomsiktige).
Skravering
Objektet vert skravert og du kan setje vinkel på skraveringa og avstand mellom stripene. Tjukkleiken på skraveringa er lik den på omrisset til objektet.
Bilde
Du kan spesifisere eit bilde på datamaskina. Bildet vert repetert periodisk. Storleiken er låst i pikslar og øvre venstre hjørne vert plassert i øvre venstre hjørne av visninga.

Avanserte eigenskapar

Avanserte eigenskapar som Dynamiske fargar og Vilkår for visning finn du på sida Avanserte eigenskapar.

© 2024 International GeoGebra Institute