Namn og objekttekstar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 1. september 2014 kl. 23:48 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I GeoGebra har kvart objekt sitt unike namn. Namnet til eit objekt kan innehalde ein eller fleire bokstavar og eventuelle indeksar. For detaljar sjå sida Gje namn til objekt.

Vis og skjul namn

Du kan vise eller skjule objektnamnet i grafikkfeltet på ein av fleire måtar:

Namn og verdi

I GeoGebra har alle objekt eit unikt namn som kan identifisere det i grafikkfeltet. I tillegg kan objektet også identifiseres ved å bruke verdien eller namnet og verdien. Du kan endre innstillingane for dette under fana Basis i eigenskapar. Vel ønska visning frå nedtrekksmenyen bak Vis namn.

Merk: Verdien til eit punkt er koordinatane, medan verdien til ein funksjon er likninga.

Objekttekst

Nokre gongar kan det hende at du vil identifisere fleire objekt med same tekst, til dømes dersom du vil namngje dei fire sidene til eit kvadrat med a. Du kan då gje ein objekttekst til objektet og velje Objekttekst frå nedtrekksmenyen bak Vis namn under fana Basis i eigenskapar

Du kan bruke følgjande plassholdarar i objettekstar:

Plassholder Tyding
%v Verdi
%n Namn
%x x-koordinat (eller x-koeffisienten for linja a x + b y + c = 0)
%y y-koordinat (eller y-koeffisienten for linja a x + b y + c = 0)
%z 'c'-leddet for linja a x + b y + c = 0 (også: z-koordinaten, klar for 3D visning)


Døme: La A vere eit punkt med koordinatar (1,2). Dersom du set objektteksten til "Punkt %n har koordinatar %v" får du "Punkt A har koordinatar (1,2)"

LaTeX i objekttekstar

Du kan også bruke LaTeX i namn og objekttekstar. Då må du skrive LaTeX kommandoen mellom dollarteikn (t.d. $ x^{2} $), og velje mellom dei mest brukte greske bokstavane og operatorane frå boksen du får opp ved å trykke på det lille ikonet til høgre i feltet du skriv inn namnet eller objektteksten i.

Døme: Dersom du vil vise ein fint formatert matematikktekst kan du bruke LaTex i objektteksten. For å vise in brøk som \frac{a}{b} , må du skrive inn: $\frac{a}{b}$.
Merk: LaTeX-tekstar vil ikkje virke for tekstfelt, knappar eller avkryssingsboksar.


© 2024 International GeoGebra Institute