Lag

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 00:38 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Merk: I GeoGebra vert lag brukt til å avgjere kva for objekt som vert markert/flytta når brukaren trykkjer på fleire objekt samtidig (t.d. dersom fleire objekt ligg over/under kvarandre).

Som standard vert alle objekt teikna på lag 0 som er bakgrunnslaget i grafikkfeltet. Det er totalt 10 lag tilgjengeleg (frå 0 til og med 9), og lag med høgare nummer vert teikna over dei med lågare nummer.

Ved å gå til fana Avansert i eigenskapar, kan du endre kva for eit lag eit objekt skal tilhøyre. Når du har endra lagnummeret til minst eit objekt vekk frå 0, vil alle nye objekt verte teikna i det laget med høgast nummer som har eit objekt i seg.

Merk: Etter å ha markert eit objekt, kan du markere alle objekt i det same laget ved menypunktet Vel dette laget i Rediger-menyen (tastatursnarveg: Ctrl + L). Dette menypunktet er berre tilgjengeleg dersom alle markerte objekt ligg i same lag.

Vidare bruk av lag

  • For eksport av SVG-filer vert objekt gruppert i lag.
  • Lag kan verte kontrollert ved å bruke brukergrensesnittet for JavaScript for GeoGebra applets.
© 2024 International GeoGebra Institute