Handlingsobjekt
For interaktive arbeidsark med scripting kan handlingsobjekt vere nyttige. Det er fire typar handlingsobjekt:
Avkryssingsboksar
Avkryssingsboksar er grafiske representasjonar av boolske verdiar.
- Merk: Sjå verktøyet Avkryssingsboks for å vise og skjule objekt og kommandoen Avkryssingsboks for meir informasjon om korleis du lager og bruker avkryssingsboksar.
Tekstfelt
Tekstfelt vert brukt for å skrive inn tekst ved skriving av script. Script vert sett i verk ved å endre teksten i tekstfeltet og så anten trykke Enter eller forlate tekstfeltet. Den innskrevne verdien kan nås ved bruk av variablen %0.
- Døme: Tekstfelt med
a=a+%0
i script vil øke verdien til a med den innskrevne verdien. Dette fungerer berre dersom a er eit fritt objekt.
Dersom du vil at tekstfeltet skal endre verdien til eit fritt objekt (eller redefinere eit avhengig objekt) kan du definere objektet som linka. På den måten treng du ikkje å skrive inn eit script.
- Merk: Tekstfelt kan verte laga med verktøyet Set inn eit tekstfelt eller kommandoen Tekstfelt.
Knappar
Knappar er meint for å køyre script når dei vert trykt på. Sjølvom script vert køyrt også ved å trykke på andre objekt (t.d. eit bilde), vil bruk av knappar gjere arbeidsarket meir intuitivt.
- Merk: Knappar kan verte laga med verktøyet Set inn ein knapp eller kommandoen Knapp.
Kombinasjonsboksar
Kombinasjonsboksar er berre tilgjengelg i reknearket. Du kan skrive inn ei liste i ei celle og så skru på valet Bruk knappar og avkryssingsboksar under fana Rekneark i dialogboksen for innstillingar. Lista vil verte gjort om til ein kombinasjonsboks og eit element kan verte henta ut ved å bruke ein av kommandoane ValdeIndeks og ValdeElement.