GeometriskStad Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
GeometriskStad
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- Algebra
- Diagram
- Kjeglesnitt
- Diskret matematikk
- Funksjonar og utrekningar
- Geometri
- Punkt
- Linje
- Stråle
- Linjestykke
- Sirkelboge
- Midtpunkt
- ... og andre.
- GeoGebra
- Liste
- Boolske verdiar
- Kommandoar for optimering
- Sannsyn
- Scripting Kommandoar
- Rekneark
- Statistikk
- Tekst
- Transformasjon
- Vektor & Matrise
- CAS-kommandoar
- GeometriskStad[ <Punkt på geometrisk stad Q>, <Punkt P> ]
- Gjev kurva for den geometriske staden til punktet Q som er avhengig av punkt P. Det vil seie kurva Q sveiper over når P sveiper over dei moglege verdiane punktet kan ha.
- Merk: Punktet P må vere eit punkt på eit objekt; til dømes ei linje eit linjestykke, ein sirkel eller ein funksjonsgraf.
- Døme:
- Skriv inn funksjonen
f(x)=x^2
i inntastingsfeltet. - Opprett eit punkt P på funksjonsgrafen ved bruk av eit av verktøya Nytt punkt eller Punkt på objekt.
- Skriv inn punktet
Q=(2x(P), y(P))
GeometriskStad[Q, P]
gjev då kurva som Q sveiper over når P sveiper over sine moglege verdiar.
- Skriv inn funksjonen
- Merk: x(P) gjev x-koordinaten til P, medan y(P) gjev y-koordinaten til P.
- GeometriskStad[ <Punkt på geometrisk stad Q>, <Glidar a> ]
- Gjev kurva for den geometriske staden til punktet Q som er avhengig av glidaren a. Det vil seie kurva Q sveiper over når a sveiper over verdimengda si.
Merk: Geometriske stader er spesifikke objekttypar og opptrer som hjelpeobjekt. Dei kan også verte laga av nokre Diskret matematikk kommandoar og kommandoen LøysODE. Geometriske stader er stiar og kan verte brukt i sti-relaterte kommandoar som Punkt. Eigenskapane deira avheng av korleis dei vart laga, sjå tildømes kommandoane Omkrins og Første. Eit anna namn for geometrisk stad er lokus.
Merk: Sjå også verktøyet Geometrisk stad.
Varsel: | Ein geometrisk stad er udefinert når det avhengige punktet er eit resultat av kommandoen Punkt med to parametrar, eller kommandoen StiParameter. |
Following text is about a feature that is supported only in GeoGebra 4.2 Beta.
|