Frekvens Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Frekvens
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- Frekvens[ <Liste med rådata L> ]
- Gjev ei liste med talet på førekomstar for kvart unikt element i L. Lista kan innehalde tal eller tekst. Den returnerte lista vert sortert i stigande rekkefølgje av dei unike elementa i L.
- Døme:
- Skriv inn
liste1 = { "a", "x", "a", "b", "x", "x" }
. Frekvens[liste1]
gjev lista { 2, 1, 3 }.Ulike[liste1]
gjev lista { "a", "b", "x" }.
- Skriv inn
Merk: Sjå også kommandoen Ulike som gjev ei liste med dei tilsvarande unike elementa i L.
- Frekvens[ <Kumulativ>, <Liste med rådata L> ]
- Dersom Kumulativ = false, vert den same lista returnert som ved bruk av kommandoen Frekvens[ <Liste med rådata L> ].
- Dersom Kumulativ = true, vert ei liste med dei kumulative frekvensane for Frekvens[ <Liste med rådata L> ] returnert.
- Døme:
- Skriv inn
liste1 = { 0, 0, 0, 1, 1, 2 }
. Frekvens[true, liste1]
gjev lista { 3, 5, 6 }.Frekvens[false, liste1]
gjev lista { 3, 2, 1}.Ulike[liste1]
gjev lista { 0, 1, 2 }
- Skriv inn
- Frekvens[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ]
- Gjev ei liste med talet på element i L som ligg innafor intervalla laga av klassegrensene. Alle intervalla er på forma [a, b) med unntak av det siste intervallet som er på forma [a, b].
- Døme:
Frekvens[{1, 2, 3}, {1, 1, 2, 3, 2}]
gjev lista { 2, 3 } sidan 2 element ligg i intervallet [1, 2) og 3 element ligg i intervallet [2,3].
- Frekvens[ <Kumulativ>, <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ]
- Dersom Kumulativ = false, vert den same lista returnert som ved bruk av kommandoen Frekvens[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ].
- Dersom Kumulativ = true, vert ei liste med dei kumulative frekvensane for Frekvens[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ] returnert.
- Frekvens[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor (valfri)> ]
- Gjev ei liste med frekvensar for den samsvarande Histogram kommandoen.
- Dersom Bruk tettleik = false, vert den same lista returnert som ved bruk av kommandoen Frekvens[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ].
- Dersom Bruk tettleik = true, vert det returnert ei liste med frekvensane for kvar klasse.
- Døme: La
data = {1, 2, 2, 2, 3, 3, 4, 4, 4, 4}
vere lista med rådata ogklassar={0, 2, 5}
vere lista med klassegrenser. Då vilFrekvens[klassar, data, false]
ogFrekvens[klassar, data]
begge returnera lista {1, 9}, medanFrekvens[klassar, data, true]
returnerer lista {0.5, 3}.
- Frekvens[ <kumulativ>, <Liste med klassegrenser L>, <Liste med rådata>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor(valfri)> ]
- Gjev ei liste med frekvensar for den samsvarande Histogram kommandoen.
- Frekvens[ <Tekstliste 1>, <Tekstliste 2> ]
- Gjev ei førekomstmatrise som inneheld talet på para element frå dei to listene. Radene i matrisa gjev dei unike elementa i den første lista, medan kolonnane gjev dei unike elementa i den andre lista.
- Merk: For å få unike element for kvar einskild liste må kommandoen Ulike[ <Tekstliste> ] verte brukt.
- Døme: La
liste1 = {"a", "b", "b", "c", "c", "c", "c"}
ogliste2 = {"a", "b", "a", "a", "c", "c", "d"}
. Da vilFrekvens[ liste1, liste2 ]
returnere matrisa \begin{pmatrix} 1 & 0 & 0 & 0\\ 1 &1 & 0 &0 \\ 1 & 0 & 2 & 1 \\ \end{pmatrix}
Merk: Sjå også kommandoane Frekvenstabell og Histogram.