Element Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 4. november 2012 kl. 19:16 av Wallerau (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Element[ <Liste>, <Tal n> ]
Gjev element n i lista.
Døme:
Element[{1, 3, 2}, 2] gjev 3, som er det andre elementet i {1, 3, 2}.
Element[ <Matrise>, <Rad>, <Kolonne> ]
Gjev elementet i matrisa frå den gjevne rada og kolonna.
Døme:
Element[{{1, 3, 2}, {0, 3, -2}}, 2, 3] gjev -2, som er elementet i andre rad og tredje kolonne i \begin{pmatrix}1&3&2\\0&3&-2\end{pmatrix}.
Element[ <Liste>, <Indeks1>, <Indeks2>, ... ]
Gjeven at lista er n-dimensjonal så kan ein gje opp til n indeksar for å få elementet (eller lista av element) for dei gjevne koordinatane.
Døme:
La L={{{1, 2}, {3, 4}}, {{5, 6}, {7, 8}}}. Då vil Element[L, 1, 2, 1] gje 3 og Element[L, 2, 2] gje {7, 8}.
Merk: For at denne kommandoen skal fungere må lista eller matrisa innehalde berre ein type element (til dømes berre tal eller berre punkt).

CAS-delen

Element[ <Liste>, <Tal n> ]
Gjev element n i lista. Kommandoen kan også verte brukt når lista inneheld udefinerte element.
Døme:
Element[{a, b, c}, 2] gjev b, som er det andre elementet i {a, b, c}.
Element[ <Matrise>, <Rad>, <Kolonne> ]
Gjev elementet i matrisa frå den gjevne rada og kolonna. Kommandoen kan også verte brukt når matrisa inneheld udefinerte element.
Døme:
Element[{{a, b, c}, {d, e, f}}, 2, 3] gjev f, som er elementet i andre rad og tredje kolonne i \begin{pmatrix}a&b&c\\d&e&f\end{pmatrix}.
Merk: Sjå også kommandoane Første, Siste og TilfeldigElement.
© 2024 International GeoGebra Institute