Eigne verktøy

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 15. februar 2013 kl. 11:49 av Arve (diskusjon | bidrag) (Korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

GeoGebra let deg lage dine egne konstruksjonsverktøy basert på eksisterande konstruksjonar. Eigne verktøy kan brukes både med musa eller som ein kommando i inntastingsfeltet. Alle verktøy vert automatisk lagra i GeoGebra mappa di.

Merk: Resultatet frå eigne verktøy er ikkje flyttbart sjølvom det er definert som Punkt[<Sti>]. Dersom du treng eit flyttbart objekt som resultat, kan du definere ei liste med kommandoar og bruke kommandoen Utfør.

Lage eigne verktøy

For å lage eit eige verktøy bruker du dialogboksen Lag nytt verktøy som du finn frå verktøymenyen.

Lagre eigne verktøy

Når du lagrar konstruksjonen som ei GGB-fil vil alle eigne verktøy verte lagra i fila. For å lagre verktøya som separate filer bruker du Endre verktøy som du finn frå verktøymenyen.

Tilgang til eigne verktøy

Dersom du åpnar eit nytt GeoGebra grensesnitt frå Ny i Filmenyen etter å ha laga eit eige verktøy vil du fortsatt finne det på verktøylinja. Dersom du i staden åpnar eit nytt GeoGebra vindauge (Menu New.png Nytt vindauge i Filmenyen), eller åpnar GeoGebra ein anna dag så vil du ikkje lenger finne dei eigne verktøya på verktøylinja.

Det finst ulike måtar å sikre seg at eigne verktøy fortsatt vert funne på verktøylinja når eit nytt GeoGebra vindauge vert opna. Ein måte er:

Etter å ha laga eit nytt verktøy kan du lagre innstillingane dine ved Menu Save.png Lagre innstillingar frå Innstillingar-menyen. Då vil verktøyet verte ein del av verktøylinja.

Merk: Du kan fjerne verktøyet frå verktøylinja frå Tilpass verktøylinja i verktøymenyen. Vel så verktøyet du vil fjerne frå lista på venstre side og trykk Slett. Husk å lagre innstillingane dine etterpå.

Importering av eigne verktøy

Etter å ha lagra ditt eige verktøy som ei GGT-fil kan du importere det til eit nytt GeoGebra vindauge. Vel Menu Open.png Opne frå Filmenyen og finn verktøyet du vil importere.

Merk:
  • Opning av eit Geogebra-verktøy vil ikkje påvirke konstruksjonane i det aktive vindauge. Det vil berre plassere verktøyet på verktøylinja.
  • Du kan også opne verktøy ved å dra dei frå mappa dei ligg i og over i GeoGebra-vindauget.
© 2024 International GeoGebra Institute