Boolske verdiar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 29. mars 2013 kl. 11:58 av Wallerau (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Du kan bruke dei boolske verdiane true og false i GeoGebra. Til dømes kan du skrive: a = true eller b = false i inntastingsfeltet

Avkryssingsboks og piltastar

Frie boolske verdiar kan verte vist i grafikkfeltet som avkryssingsboksar (sjå verktøyet Tool Check Box to Show Hide Objects.gifAvkryssingsboks for å vise og skjule objekt). Ved å bruke piltastane på tastaturet kan du også endre ein boolsk verdi i algebrafeltet (sjå seksjonen om manuell animasjon).

Merk: Du kan også bruke boolske variablar som tal (verdi 0 og 1). Dette let deg bruke ein avkryssingsboks som dynamisk fart for ein animert glidar, slik at du kan starte og stoppe animasjonen. I dette høve vil animasjonsknappen berre vere synleg i grafikkfeltet dersom det også er ein animert glidar med statisk fart.

Operasjonar

Dei følgjande operasjonane kan verte brukt for boolske variablar og vilkår i GeoGebra. Du bruker dei ved å velje dei frå lista til høgre for inntastingsfeltet eller ved å skrive dei inn.

Operasjon Liste Tastatur Døme Objekttyper
Lik == a ≟ b eller a == b tal, punkt, linjer, kjeglesnitt a og b
Ikke lik != a ≠ b eller a != b tal, punkt, linjer, kjeglesnitt a og b
Mindre enn < < a < b tal a og b
Større enn > > a > b tal a og b
Mindre enn eller lik <= a ≤ b eller a <= b tal a og b
Større enn eller lik >= a ≥ b eller a >= b tal a og b
Og && a ∧ b eller a && b boolske verdiar a og b
Eller || a ∨ b eller a || b boolske verdiar a og b
Ikke ¬ ! ¬a eller !a boolsk verdi a
Parallell a ∥ b linjer a og b
Vinkelrett a ⊥ b linjer a og b
Høyrer til i a ∈ liste1 tal a, liste med tal liste1
© 2024 International GeoGebra Institute