Tilgang

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Styring med mus

For å bruke GeoGebra kun med musa, er det mogleg å vise eit virtuelt tastatur. Vel menypunktet 'Tastatur frå Vis-menyen. Du kan bruke dette tastaturet ved å trykke på tastane med musa.

Merk: Det er fleire symbol tilgjengeleg enn på eit vanleg tastatur (t.d. pi, integral, alfa med fleire). Dersom du trykkar på knappen AltG på det virtuelle tastaturet får du opp fleire teikn.

Styring med tastaturet

For å opne ein meny ved kun å bruke tastaturet trykkar du Alt og piltastar (på Windows). På Mac må du først aktivere full tastaturtilgang; trykk Ctrl + F1. Du kan då velje menyar ved å bruke Ctrl + F2 eller på nokre tastatur Fn + Ctrl + F2.

For meir, sjå sida Tastatursnarvegar. I tillegg er alle vala i eigenskapar tilgjengeleg ved bruk av kommandoar for scripting.

GeoGebra Basis

For å gjere GeoGebra enklare å bruke for yngre elevar er det laga ein enklare versjon, GeoGebraBasis, som har større fontar og færre GUI-funksjonar.

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute