TilfeldigPolynom Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


TilfeldigPolynom[ <Grad d>, <Tal a>, <Tal b> ]
Genererer eit tilfeldig polynom med grad d i x. Polynomet har heiltalskoeffisientar i intervallet [a, b] (endepunkta er inkludert).
Døme:
  • TilfeldigPolynom[0, 1, 2] gjev 1 eller 2.
  • TilfeldigPolynom[2, 1, 2] gjev eit tilfeldig andregradspolynom med koeffisientar lik 1 eller 2, til dømes 2x2 + x + 1.
Merk: Dersom tala a og b ikkje er heiltal vil floor(a) og floor(b) verte brukt.

CAS-delen

TilfeldigPolynom[ <Grad d>, <Tal a>, <Tal b> ]
Genererer eit tilfeldig polynom med grad d i x. Polynomet har heiltalskoeffisientar i intervallet [a, b] (endepunkta er inkludert).
Døme:
  • TilfeldigPolynom[0, 1, 2] gjev 1 eller 2.
  • TilfeldigPolynom[2, 1, 2] gjev eit tilfeldig andregradspolynom med koeffisientar lik 1 eller 2, til dømes 2x2 + x + 1.
TilfeldigPolynom[ <Variabel v>, <Grad d>, <Tal a>, <Tal b> ]
Genererer eit tilfeldig polynom med grad d i variabelen v. Polynomet har heiltalskoeffisientar i intervallet [a, b] (endepunkta er inkludert).
Døme:
  • TilfeldigPolynom[a, 0, 1, 2] gjev 1 eller 2.
  • TilfeldigPolynom[a, 2, 1, 2] gjev eit tilfeldig andregradspolynom med koeffisientar lik 1 eller 2, til dømes 2a2 + a + 1.
Merk: Dersom tala a og b ikkje er heiltal vil round(a) og round(b) verte brukt.
© 2024 International GeoGebra Institute