Tangentar Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Ved bruk av dette verktøyet kan du finne tangentar på fleire måtar:

  • Vel eit punkt A og eit kjeglesnitt c for å lage alle tangentar til c som går gjennom A.
  • Vel ei linje l og eit kjeglesnitt c for å lage alle tangentar til c som er parallelle med l.
  • Vel eit punkt A og ein funksjon f for å lage tangeten til f i x = x(A).
  • Vel to sirklar c og d for å lage alle tangetar som er felles for dei to sirklane (opp til 4 tangentar).
Merk:
  • x(A) er x-koordinaten til punktet A. Dersom A ligg på grafen vil tangenten gå gjennom A.
  • Skriv til dømes y=x^2+2x+1 i staden for f(x)=x^2+2x+1 dersom du vil lage eit kjeglesnitt (parabel) i staden for ein funksjon.
Merk: Sjå også kommandoen Tangent.
© 2024 International GeoGebra Institute