Skjering mellom to objekt Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Verktøyet kan finne skjeringspunkt mellom to objekt på to måtar:

  • Vel to objekt for å finne alle skjeringspunkt mellom dei to objekta (dersom mogleg)
  • Ved å trykke direkte på eit skjeringspunkt vert kun dette eine skjeringspunktet laga.
Merk: Nokre gongar kan det vere nyttig å berre vise den delen av dei to overlappande objekta som er i området rundt eit skjeringspunkt. For å gjere det høgreklikkar du på skjeringspunktet, går til Eigenskapar og hukar av Vis skjeringslinjer (kryss) under fana Basis.

For linjestykke, strålar og sirkelboger kan du velje om du vil tillete skjeringspunkt i forlenginga av objekta. Det gjer du ved å huke av for Tillat skjeringar i forlengingane under fana Basis i dialogboks for eigenskapar for objektet.

Merk: Sjå også kommandoen Skjering.
© 2024 International GeoGebra Institute