Regresjonsanalyse Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Vel to kolonnar med taldata i par frå reknearket og trykk på dette verktøyet. Det vert då opna ein dialogboks (Datakjelde) der du kan endre på data og velje kva data representerar. Trykk på Analyser for å opne ein ny dialogboks (Dataanalyse) som lagar grafar og finn to-variabel statistiske verdiar frå dataverdiane. Dialogboksen har fire panel: eit statistikkpanel, eit datapanel og to grafpanel. Dei forskjellige panela kan verte opna og lukka under stilmenyen som du finn under verktøymenyen.

Dialogboksen opnar med eit punktdiagram. I menyen under grafen kan du velje forskjellige regresjonsmodellar. Når ein modell er valt vil regresjonskurva verte teikna og likninga for kurva vert vist.

Når du held musepekaren mot toppen av eit av grafpanela vil den verte endra til ei hand. Du kan då trykkje ned og halde inne venstre musknapp og dra grafen over i grafikkfeltet.

Merk: Sjå også kommandoen Reg.
© 2024 International GeoGebra Institute