Lister

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Ved å bruke klammeparenteser kan du lage lister som kan innehelde mange forskjellige typer objekt.

Døme:
  • L = {A, B, C} gjev ei liste som inneheld dei tre tidlegare definerte punkta A, B og C.
  • L = {(0, 0), (1, 1), (2, 2)} gjev ei liste som inneheld dei tre innskrevne punkta.
Merk: Som standard vil ikkje elementa i denne lista verte vist i grafikkfeltet.

For å hente ut eit spesielt element frå ei liste kan du bruke kommandoen Element. Lister kan verte brukt som argument i listeoperasjonar (sjå lenger ned på denne sida) eller Liste Kommandoar.

Samanlikne lister av objekt

Du kan samanlikne to lister av objekt ved dei følgjande syntaksane og kommandoane:

  • Liste1 == Liste2: Sjekkar om dei to listene er like som ordna talpar, og gjev true eller false som resultat.
  • Liste1 != Liste2: Sjekkar om dei to listene er ulike som ordna talpar, og gjev true eller false som resultat.
  • Ulike[liste1] == Ulike[liste2] eller {liste1} \ {liste2} == {} : Sjekkar om dei to listene er like som mengder (dvs. alle repeterte element og rekkefølgja på elementa vert ignorert)
  • Sorter[liste1] == Sorter[liste2]: Sjekkar om dei to listene er like som multimengder (dvs. rekkefølgja på elementa vert ignorert)
Merk: Sjå også kommandoane Ulike og Sorter.

Listeoperasjonar

<Objekt> ∈ <Liste> er et element i

<Liste> ⊆ <Liste> er ein delmengde av

<Liste> ⊂ <Liste> er ein streng delmengde av

<List> \ <List> differensen mellom mengdene

Bruke førehandsdefinerte operasjonar og funksjonar på lister

Dersom du brukerIf you apply førehandsdefinerte funksjonar og operatorar på lister vil du alltid få ei ny liste som resultat.

Addisjon og subtraksjon

  • Liste1 + Liste2: Adderer samsvarande element i dei to listene
Merk: Dei to listene må vere like lange.
  • Liste + Tal: Adderer talet til kvart element i lista.
  • Liste1 – Liste2: Subtraherer eit element i Liste2 frå samsvarande element i Liste1.
Merk: Dei to listene må vere like lange.
  • Liste – Tal: Subtraherer talet frå kvart element i lista.

Multiplikasjon og divisjon

  • Liste1 * Liste2: Multipliserer samsvarande element i dei to listene.
Merk: Dei to listene må vere like lange. Dersom dei to listene er kompatible matriser vert matrisemultiplikasjon brukt.
  • Liste * Tal: Multipliserer kvart element i lista med talet.
  • Liste1 / Liste2: Dividerer elementa i den første lista med samsvarande element i den andre lista.
Merk: Dei to listene må vere like lange.
  • Liste / Tal: Dividerer kvart element i lista med talet.
  • Tal / Liste: Dividerer talet med kvart element i lista.
Merk: Sjå også seksjonen om vektorprodukt.

Andre døme

  • Liste^2: Kvadrerar kvart element i lista.
  • 2^Liste: Lagar ei liste der elementa er potensar av to med eksponentar frå lista.
  • Liste1^Liste2: Lagar ei liste med element a^b, der a and b er samsvarande element i henhaldsvis Liste1 og Liste2.
  • sin(Liste): Bruker sinus-funksjonen på kvart element i lista. Brukerdefinerte funksjonar kan også verte brukt på same måte.
© 2024 International GeoGebra Institute