Gjennomsnitt Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Verktøyet kan kun verte brukt i reknearket. Det kan verte brukt på to måtar:

  • Vel ei destinasjonscelle, vel verktøyet og merk dei cellene du vil finne gjennomsnittet av. Gjennomsnittet vil då kome i destinasjonscella.
  • Merk dei cellene du vil finne gjennomsnittet av og vel verktøyet. Dersom du har merka celler frå meir enn ei rad vil gjennomsnittet av kvar kolonne kome i kvar kolonne under det merka området. Dersom du held inne Shift når du vel verktøyet vil gjennomsnittet av kvar rad verte funne. Dersom du har merka berre ei rad vil gjennomsnittet av elementa i rada kome til høgre for det merka området.
Merk: Sjå også kommandoen Gjennomsnitt.
© 2024 International GeoGebra Institute