Formeltekst Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Formeltekst[ <Objekt> ]
Gjev formelen for objektet som ein LaTeX tekst.
Merk: Som standard vert verdiar sett inn for variablar.
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil Formeltekst[f] gje 2 x2 (som ein LaTeX tekst).
Formeltekst[ <Objekt>, <Boolsk verdi for substitusjon av variablar> ]
Gjev formelen for objektet som ein LaTeXtekst.
  • Dersom Boolsk verdi = true vert verdiar sett inn for variablar
  • Dersom Boosk verdi = false vert variabelnamna ståande i teksten
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil
  • Formeltekst[f, true] gje 2 x2 (som ein LaTeX tekst)
  • Formeltekst[f, false] gje a x2 (som ein LaTeX tekst)
Formeltekst[ <Objekt>, <Boolsk verdi for substitusjon av variablar>, <Boolsk Vis namn> ]
Gjev formelen for objektet som ein LaTeX tekst.
  • Dersom Boolsk verdi = true vert verdiar sett inn for variablar
  • Dersom Boosk verdi = false vert variabelnamna ståande i teksten
  • Dersom Boolsk Vis = true vert objektnamnet ståande i teksten
  • Dersom Boosk Vis = false vert objektnamnet fjerna frå teksten
Døme: Dersom a = 2 og f(x) = a x2, så vil
  • Formeltekst[f, true, true] gje f(x)=2 x2 (som ein LaTeX tekst)
  • Formeltekst[f, false, false] gje a x2 (som ein LaTeX tekst)
Merk: Sjå også kommandoen Tekst.
© 2024 International GeoGebra Institute