FestKopiTilFelt Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


FestKopiTilFelt[ <Objekt>, <Felt 0|1|2> ]
Dersom Felt = 0 vert det laga ein kopi av objektet. Dersom Felt = 1 eller 2 vert det laga ein avhengig kopi av det gjevne objektet som har konstant storleik i det valde grafikkfeltet.
Merk: Når kopien er laga vert tre andre argument lagt til i definisjonen av kommandoen.
FestKopiTilFelt[ <Objekt>, <Felt 0|1|2>, <Punkt 1>, <Punkt 2>, <Skjermpunkt 1>, <Skjermpunkt 2> ]
Dersom Felt = 0 vert det laga ein kopi av objektet. Dersom Felt = 1 eller 2 vert det laga ein avhengig kopi av det gjevne objektet i det valde grafikkfeltet. Storleiken til kopien vert bestemd av den affine transformasjonen som avbildar Punkt 1 til eit punkt som har skjermkoordinatar (i pikslar) lik Skjermpunkt 1 og tilsvarande for Punkt 2.
Døme: Dersom det første grafikkfeltet er aktivt vil FestKopiTilFelt[Mangekant[(0,0),(1,0),(1,1),(0,1)],1,(0,0),(1,1),(0,0),(100,100)] lage eit 100px x 100px kvadrat i øvre venstre hjørne av grafikkfeltet.
© 2024 International GeoGebra Institute