CLøys Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Denne kommandoen er tilgjengeleg berre i CAS-delen.


CLøys[ <Likning> ]
Løyser likninga for hovedvariabelen og gjev ei liste med alle løysingane. Kommandoen tillet komplekse løysingar.
Døme:
CLøys[x^2 = -1] gjev {x = ί, x = -ί}, som er dei komplekse løysingane til x2 = -1.
CLøys[ <Likning>, <Variabel> ]
Løyser likninga for den gjevne ukjende variabelen og gjev ei liste med alle løysingane. Kommandoen tillet komplekse løysingar.
Døme:
CLøys[a^2 = -1, a] gjev {a = ί, a = -ί}, som er dei komplekse løysingane til a2 = -1.
CLøys[ <Liste med likningar>, <Liste med variablar> ]
Løyser likningssettet for settet av ukjende variablar og gjev ei liste med alle løysingane. Kommandoen tillet komplese løysingar.
Døme:
CLøys[{y^2 = x - 1, x = 2 * y - 1}, {x, y}] gjev {{x = 1 + 2 ί, y = 1 + ί}, {x = 1 - 2 ί, y = 1 - ί}}, som er dei komplekse løysingane til y2 = x og x = 2 * y - 1.
Merk:
  • I CAS-delen må ί nyttast for den imaginære eininga. For å skrive ί trykker du ALT + i.
  • Sjå også kommandoane Cløysingar, Løys og Løysingar.
© 2024 International GeoGebra Institute