ByttTilfeldig Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
- ByttTilfeldig[ <Liste L> ]
- Gjev ei ny liste med dei same elementa, men i tilfeldig rekkefølgje.
Merk:
- Du kan bruke Oppdater alt i Vis-menyen (eller trykke F9 eller Ctrl+R) for å få ei ny tilfeldig rekkefølgje.
- Sjå også kommandoane TilfeldigElement og TilfeldigMellom.
CAS-delen
- ByttTilfeldig[ <Liste> ]
- Gjev ei ny liste med dei same elementa, men i tilfeldig rekkefølgje.
- Døme:
ByttTilfeldig[{3, 5, 1, 7, 3}]
gjev for eksempel {5, 1, 3, 3, 7}. - Døme:
ByttTilfeldig[Følgje[20]]
gjev dei første 20 heiltala i tilfeldig rekkefølgje.