Set inn bilde Verktøy

Frå GeoGebra Manual
(Omdirigert frå Bilde)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Dette verktøyet let deg setje inn eit bilde i grafikkfeltet.

Først må du spesifisere kor i grafikkfeltet bilde skal verte plassert. Du kan bestemme posisjonen til det nedre venstre hjørne til bilde ved å:

  • trykkje ein plass i grafikkfeltet
  • trykkje på eit punkt

Ein opne-fil dialogboks vert då opna og du kan velje ei bildefil frå datamaskina.

Merk: Etter å ha valt verktøyet Tool Insert Image.gif kan du bruke tastatursnarvegen Alt-klikk for å direkte lime inn eit bilde frå utklippstavla.
Merk: Gjennomsiktige GIF- og PNG-filer er tillete, men for PNG-filer må du først redigere dei slik at dei har ein alfa-kanal.

Bildeeigenskapar

Posisjonen til bildet kan vere absolutt eller relativt til eit koordinatsystem. Du kan spesifisere dette i fanene Basis og Posisjon når du opnar dialogboks for eigenskapar for bildet. Under fana Farge kan du endre fyllgraden til bildet slik at det vert gjennomsiktig. Under Posisjon kan du også spesifisere tre av hjørnepunkta. Det gjev deg fleksibilitet til å skalere, rotere og forvrenge bildet (sjå også kommandoen Hjørne).

  • Hjørne 1: posisjonen til nedre venstre hjørne av bildet
  • Hjørne 2: posisjonen til nedre høgre hjørne av bildet
Merk: Dette hjørnet kan kun bli satt dersom Hjørne 1 allereie er satt. Det avgjer breidda til bildet.
  • Hjørne 4: posisjonen til øvre venstre hjørne av bildet
Merk: Dette hjørnet kan kun bli satt dersom Hjørne 1 allereie er satt. Det avgjer høgda til bildet.
Døme: Lag tre punkt A, B og C for å utforske effekten av hjørnepunkt.
  • Sett punkt A som Hjørne 1 og punkt B som Hjørne 2 på bildet. Ved å dra punkt A og B ved bruk av verktøyet Tool Move.gif Flytt kan du sjå effekten av dei på bildet.
  • Fjern punkt B som Hjørne 2 og sett punkt C som Hjørne 4. Dra punkt A og C for å sjå effekten av dei på bildet.
  • Sett punkt B som Hjørne 2 igjen. Dra på punkta og sjå korleis bildet vert forvrengt.
Merk: Dersom bildet ikkje oppdaterer seg når du flytter på punkta, kan du bruke Oppdater alt frå vis-menyen.
Døme: Dersom du vil feste bildet til eit punkt A, setje breidda til 3 og høgda til 4 gjer du som følgjer:
  • Sett Hjørne 1 til punkt A
  • Sett Hjørne 2 til A + (3, 0)
  • Sett Hjørne 4 til A + (0, 4)
Merk: Dersom du no dreg punkt A vil ikkje storleiken til bildet verte endra.

Bildet kan verte sett som bakgrunnsbilde under fana Basis når du opnar dialogboks for eigenskapar for bildet. Eit bakgrunnsbilde ligg bak koordinatsystemet og kan ikkje verte valt med musa.

Merk: For å endre bakgrunnsbildet må du opne dialogboksen for eigenskapar ved å velje Eigenskapar frå menyen Rediger.
© 2024 International GeoGebra Institute